Omsettarlivet, ein heilt objektiv ABC

Av oversetter Tove Bakke

A som i audmjuk, autoritet (hos omsettaren), alt som er, alt muleg, alle ord, allmennkunnskap.

B for babyar eg må drepe, for at det ikkje er ord, men bruken av ord eg skal omsette, for banalitetar i originalen som ikkje kan bli anna på norsk heller; B som i bølgjelengde med teksten og stilnivået, bryte ned originalen og bygge den opp igjen på norsk, for svensk omsettarveteran Jan Stolpes 1. og 2. bod: ”Du skal ikkje normalisere”, og ”Du skal føre lesaren til boka, ikkje boka til lesaren”.

D for distanse, for dialektproblematikk og -dosering, demensførebyggande? døgndrift i hjernen, dialogdriven handling, D som i dårlege sexskildringar, dårleg betalt, deadline.

E for energien i teksten, E som i engelskfella – er engelsk verkeleg så likt norsk i syntaks og struktur at eg kan omsette rett fram, eller har eg lese så mykje engelsk at eg trur eg skriv norsk? Og at eg trur eg kan engelsk? Og alle ”engelskar”?

F for faen (tidl. pokker), flyt i teksten (og gjerne i arbeidet, om muleg), for forfattaren, for forfattaren sin (ja da) autoritet, finne rytmen, fange tonen, forstå og formidle kva som står og korfor, evt. finne på sjøl!; F som i frustrasjon over forbaska forfattarpåfunn, forlags forvirrande og uforståelege disposisjonar og forleggarforeninga sin evig arrogante og forbeina uforstand for omsetting som yrke og ikkje dyr hobby;

F for alt nyttig ein får fagfolk og kollegaer og alle slags folk; men òg at vi på norsk heller får enn blir gitt – som i ’eg får gnagsår i øyra av det maset’, sjølv om ’mas gir gnagsår’ også er forståeleg; F for å ikkje alltid halde på formene i originalen; for å sleppe faste norske uttrykk og vendingar litt fri, la dei få nye og friske leikekameratar frå framande språk og fjerne strøk, til fryd for skrivar og lesar! Les mer