Færøysk kultforfattar byr på hovudbry

Av oversetter Lars Moa

Om det nitide arbeidet med omsettinga av Carl Jóhan Jensens U-. Historier om djevelskap, 909 sider, Det Norske Samlaget, 2010.

Det tok meg eitt år nesten utan fritid å omsette denne boka, ei bok som Søren Vinterberg i den danske avisa Politiken kalla ”En prismelysekrone af en kriminalroman” i samband med at ho var nominert til Nordisk Råds litteraturpris i 2007. Tidlegare hadde eg prøvd å gjendikte noe av lyrikken til CJJ, men det var så vanskeleg at eg måtte gi opp.

Carl Jóhan Jensen er ei løve i den færøyske offentlegheita. Han er kompromisslaus i forhold til litterær kvalitet, sjølvbevisst, fritalande og omsynslaus som forfattar, bokmeldar og skribent. Men i det private rommet opplever eg han meir som eit lam; ein mann som det går an å sitte saman med i timevis i roleg samtale om tema som han som løve har vori så bastant om i det offentlege rommet. Om denne boka sa han offentleg da ho kom ut i 2005 at ho var den viktigaste boka som noen gong har kommi ut på færøysk. Da hadde han brukt åtte år på å skrive henne.

Boka er selt i godt og vel 1000 eksemplarr. Færøyane har eit folketal på 48 000. Så viss vi samanliknar med Noreg, vil det seie det same som eit sal på 100 000. Eg har gjort det til vane når eg snakkar med folk i Færøyane å spørje dei om dei har lesi Ó-. Søgur um djevulskap, og ut ifrå svara må eg nok seie at mange av dei 1000 bøkene ligg i bokhyllene ulesne etter at folk har slutta å lese etter mellom 50 og 100 sider.

Dette veit CJJ, og eg trur det er sårt for han å vite det. Grunnen til at folk legg bort boka, er at språket er så ”vanskeleg”. Eg vart nysgjerrig på dette, og bad CJJ skrive ned noe om språksynet sitt for om muleg å finne ei forklaring der. Det første eg fekk var ei lang utgreiing om mangelen på ein skriftleg litterær tradisjon i Færøyane, og om striden mellom forskjellige liner i spørsmålet om korleis eit litterært færøysk språk skulle vere. Ein færøysk forfattar er i ein situasjon der han skaper litterær tradisjon med kvar ei setning han festar på papiret. CJJ bestemte seg tidleg for å skape seg ein språkstil på færøysk folkemåls grunn minst muleg open for påverknad utanfrå, særleg frå dansk.

Men dette var ikkje konkret nok for meg, så eg bad han om noe spesielt om språket i Ó-. Søgur um djevulskap. Da fekk eg dette brevet med overskrifta ”Om U-språk og anna uspråk”: ”Korleis er boka tenkt språkleg? For ein stor del med grunnlag i dei synspunkt eg prøvde å legge fram i det førre brevet. Mi språklege stemnelei er å skape meg eit litteraturspråk på færøysk grunn som kan bere eit diktverk med alle sine mange lag av mangetydig meining. Eg vil med ein gong halde fram at språkrøkt i seg sjølv er ikkje det eg har som siktemål. Det er ikkje nødvendig å fortelje deg som har omsett boka, at ho skiftar mellom ulike stilartar og ulike forteljeteknikkar ut igjennom, og det er ikkje for mye sagt at nesten alle litterære straumdrag eller litterære retningar som har vori til sidan oldemora til Joyce fekk si første eggløysing, er representerte mellom permane – minimalismen unntatt. Dette sett sjølvsagt sitt preg på teksten og språkuttrykket i han.

Det mest samansette (eller innfløkte) språket er utan tvil i dei første delane eller dei første hundre sidene. Det kjem først og fremst av det at i desse delane er emne og tenking frå filosofi og psykologi tatt opp, som lite har vori behandla i færøysk skriving før, t.d. refleksjonar om tida osv. Dette kravde sjølvsagt eit språk som tøyer språktoleransen og den allmenne språkforståinga til lesaren av litteraturspråket, ja, rett og slett sett til side kravet om at litteraturspråk først og fremst skal vere lett tilgjengeleg og ei enkel gjenspegling av enkel tenking om ei enkel verkelegheit. Etter mitt skjønn er verkelegheita langt ifrå enkel, og enda mindre er tenkinga om henne enkel og lett tilgjengeleg, og er ho det, er ho falskt narrespel. No seier eg ikkje at innfløkt verkelegheit slett ikkje kan beskrivas i eit kortfatta eller minimalistisk språk, men eg har aldri vori noen minimalist som såleis, tvert imot har eg alltid halla meir imot ein barokkstil som flommar over av bilde og språklydar, og liker best tekst der språket reiser seg som eit kvitveltande bølgjebrott mot lesaren.

Denne haldninga vises sjølvsagt også igjen i korleis boka som heilskap er bygd opp, ikkje etter vanlege reglar om einskap og samanheng i forteljinga, men meir liksom bitar i eit puslespel, som menneskeauget ikkje greier å sjå i sin heilskap. Som nemnt er mange litterære straumdrag representerte i boka, og teksten er skriven opp imot ymse tekstslag, t.d. nittenhundretals romantradisjon (m.a. Adalbertus von Chamisso, Charles Dickens, Thackeray og fleire), og det har sjølvsagt også påverknad på språket og ordtilfanget.”

Ja vel, ja. Kanskje er det ikkje berre språket, men også det nokså lærde innhaldet som gjer at såpass mange ikkje orkar å lese lenger enn 60 sider? Professor Malan Marnersdottir ved Universitet i Tórshavn skriv i ein e-post til meg: ”U-. Historier om djevelskap er språkleg spesiell, sjølv om boka ikkje er så uforståeleg som Carl Jóhan Jensen har ord på seg for å vere. Karakteristisk er at ordlegginga svært ofte er kjenneteikna av at dei vanlegaste munnhella og orda er utelatne. I staden er naboordet eller nabomunnhellet valt. Det gjer ikkje at teksten er uforståeleg, men annleis. Det kan ikkje komme overraskande på noen, for CJJ har slått fast at han vil dikte seg unna det språkleg sjølvsagte, legge til og utvide livsbevisstheita til seg og dei lesarane ’som har mot til å gi seg i kast med han’.”

Carl Jóhan Jensen bruker i denne boka ein stor del av det færøyske ordtilfanget, han lagar nye ord, han finn på gåter eller kenningar som vikingskaldane var så flinke til, og han låner ord frå islandsk (som han påstår er like mye færøyske som islandske). Etter min omsettaretikk er det viktig å vere så trufast mot forfattaren sin tekst som muleg. Derfor har eg brukt ein stor del av det norske ordtilfanget, også ord som ikkje er i dagleg bruk; eg har laga nye ord; og eg har prøvd å få til kenningar som skal gå an å skjønne.

Mange av dei nye orda er samansette ord, f. eks. med forstavingane u- eller mis-. (Ukjensle, ukommen, ublygskap, uledig, umåtehalden, uhjerteleg, uung, den ugiftaste, ustygg, mistjukk, misgrønt, mislynt, missterk, mislykkesam, misgod, misskapt og mange, mange fleir.) Alle som begynner å lese denne boka, må nok rekne med å måtte slå opp ein del ord i nynorskordboka. Men det er det jo ingen som dør eller tar skade av. Delar av boka har ganske mange slike sjeldne ord, og det var noen ganske harde ordskifte mellom meg og språkvaskar og meg og redaktør med forslag om forenkling, men eg stod i dei fleste høve fast på mine val.

Dette er ei spennande bok, både når det gjeld språk og innhald. På baksida står det om to av hovudpersonane i boka:

”Ingen veit kor kjøpmannen Bænadikt Chonradsen stammar frå eller kven han er. Men djevelskapen spreier seg ut frå han gjennom farne tider, mørk og vilkårleg som ein pest. Der han kjem, fer alt ut av lage. Tru, von og kjærleik mistar si kraft. 

Emissæren Matthias J. Danielsen vier derimot sitt liv til Gud, men trur ikkje på han. Forsøka hans på å tvinge hjertet sitt til tru har ein annleis djevelskap ved seg, ein djevelskap som kjem fram i illgjerningar, valdtekter og mord.”

Etter som eg skriv dette til ein omsettarblogg, tar eg med ein del dei mange gullkorna som ymse bokmeldarar har skrivi om omsettingsarbeidet mitt. Først Odd W. Surén i Dag og Tid: « … det mest originale med denne boka, og det er språket. Her er så å seie kvar einaste setning uvanleg, med gamle og gode ord, og nokre heilt nye, slik at ein etter kvart les mest for den språklege opplevinga, som er einaståande og likevel i utvikling, det vert berre betre og betre, kanskje det kjem av at lesaren veks inn i stilen, eller at forfattaren gjer det, eller omsetjaren, Lars Moa, som burde få St. Olavs orden med gulleple og tredobbelt snøsokkeband for denne bragda».

May Grethe Lerum i VG: «Korleis ein vanleg dag på jobben har vore for omsetjaren, vågar eg knapt tenkje på. Men summen av dei bitane færøysk eg med min ringe kunnskap (og gamaldialekt frå indre Sogn) har sett nærare på, føder ei einaste meining: For dette arbediet må det finnast ein heiderspris for Lars Moa».

Kjell-Richard Landaasen i Vårt Land: «Med sine 900 sider er det en lovlig dryg murstein å komme gjennom, men verd å lese om så bare for språket, aldeles glitrende gjendiktet til nynorsk av Lars Moa. Nynorsk går bokmål en høy gang når det gjelder poesi og ordrikdom, med sitt store tilfang frå gamle, obskure dialekter, men Moa har tatt det enda et steg videre og skapt nye ord der de trengs. Fabelaktig».

Ja, ja, ein kan jo bli høg på pæra av mindre.

Comments

torbjørn hauken
Reply

Interessant. Eg har boka på¨vent i bokhylla og er truleg litt betre førebudd på denne litterære reisa no. Takk!

Leave a comment

name*

email* (not published)

website