Prisen gjekk til Guri Vesaas for omsetjinga frå italiensk av Rosas buss av Fabrizio Silei, Ill. Maurizio A.C. Quarello,Det Norske Samlaget.

Juryen sier:

Om oversetteren:
Guri Vesaas har alltid hatt ei vakent blikk for den italiensk barnelitteraturen, som bare unntaksvis finn vegen til Noreg. Omsetjinga hennar av Rosas buss flyt godt på norsk, har rytme og energi og formidlar den alvorlege og personlege tonen i den brennbare teksten i eit stødig og stilsikkert språk.

Om boka:
I 1955 nekta Rosa Parks å reise seg for ein kvit amerikanar på ein gul buss i Montgomery i Alabama, ei uhøyrd handling som enda i Høgsterett. I den italienske bildeboka Rosas buss lèt forfattaren Fabrizio Silei eit augevitne fortelje historia til barnebarnet sitt mange år seinare. Det skjer i Henry Ford-museet der den gule bussen står den dag i dag. Bestefaren var nemleg sjølv med bussen, og mens Rosa sat, reiste han seg for den kvite mannen. Resten av livet har han hatt dårleg samvit fordi han mista motet og oppførde seg så feigt. Maurizio Quarellos fargesterke bilde vinkar til måleria av Edward Hopper og tilfører forteljinga ei einsemd som forsterkar marginaliseringa av den svarte rasen.

Les juryens tale HER