Bok & Samfunn skriver: For si siste omsetjing, U – historier om djevelskap av Carl Jóhan Jensen (Samlaget 2010), vart han hylla av meldarane, melder forlaget i ei pressemelding. Omsetjinga vart kalla “en oversettelsesbragd», «et storarbeid» og «en kraftfull og mørkt syngende oversettelse”. Sokneprest Alfred Andersson-Rysst og hustru Solveigs fond er ein pris for å styrke banda mellom Norge, Færøyane og Island.

Slik grunngjev juryen prisen ( Bjarne Mørk-Eidem, Tone Myklebost, Stein Versto):


“Dei seinaste åra har Lars Moa gjort eit storarbeid med å omsette færøysk samtidslitteratur til nynorsk. Han er den omsetjaren av færøysk litteratur som for tida er den mest aktive, og som gjer mest for å spreie kunnskap om nyare færøysk litteratur utanfor klippane våre. Til nå har han omsett 16 bøker frå færøysk til norsk, og i tillegg til dette har han omsett ei heil rekkje noveller og dikt etter mange færøyske forfattarar.”


Lars Moa har omsett blant anna desse bøkene frå færøysk:


Sting av Jóanes Nielsen
Bruer av svoltne ord av Jóanes Nielsen
Símun Sámal av Martin Næs
Frå alle kantar ber vinden med seg ord og plantar og teikn av Jóanes Nielsen
Det fins dei som tar månelys på alvor av Jóanes Nielsen
Tider skal komme av Oddvør Johansen
Dei kallar meg berre Hugo av Rakel Helmsdal
Glansbildesamlarane av Jóanes Nielsen
U – historier om djevelskap av Carl Jóhan Jensen
Sokneprest Alfred Andersson-Rysst og hustru Solveigs fond er ein pris for å styrke banda mellom Norge, Færøyane og Island.