Av oversetter Tove Bakke

Dette er noko så sjeldan som ein nydeleg roman om krigens vesen. Den er full av krig og fred. Når eg tenkjer på boka, og det gjer eg merkeleg nok ofte, minnest eg ei stemning av ro, og ord som innsikt og klokskap er ikkje langt unna. Og eit musikalsk og fint språk å arbeide med. Men no kjem eg jo på at eg måtte til Snorre for å lære å formulere drapsmetodar i nærkamp: dei hogg, stakk og beit før i tida. Kong Tsongors død føregår også for lenge sidan, i eit mytisk ”Afrika”. Det var faktisk frykteleg å grave seg ned i kampscenane! Men tenkjer eg i større perspektiv, er dette den beste antikrigsskildringa eg har lese sia Väinö Linna: Ukjent soldat, som eg las i tiårsalderen – og som kanskje låg ein plass under medvitet den gongen eg fann på å starte eit litteraturprosjekt for førstegongsrekruttar i samarbeid med det norske Forsvaret i si tid!

Kong Tsongors død, fekk dei franske vidaregåande-elevanes Goncourtpris for beste roman2003. Eg – og forlaget – hadde store forventningar om mange lesarar av alle slag. Men boka kom aldri gjennom marknadssensuren og medielydmuren, og nådde dermed ikkje lesarane. Og det er som kjent berre tull å tru at kvalitet før eller seinare når fram.

Kongen skal gifte bort dotter si og leve eit fredeleg liv, etter å ha vore ute og slåst i tiår på tiår og lagt under seg eit imperium. Men ein annan beilar, barndomskjærasten hennar, dukkar opp til bryllupet, og så er draumen om pensjonistlivet over. Eg har valt ein del frå opningskapitlet, og så ein del lenger uti – og seier ikkje meir!

 

Frå kapittel I Kong Tsongors lange og søvnlause natt

Til vanleg var Katalonga den første som stod opp i slottet. Når han vandra gjennom dei lange, tomme gatene, låg enno natta der ute med all sin tyngd i åsane. Ikke ein lyd høyrdest der han kom.

Ikkje eit menneske møtte han på vegen frå rommet sitt til salen der gulltaburetten stod. Silhuetten hans var som damp å sjå der den gleid etter veggene. Slik var det. Stillfarande gjorde han unna pliktene sine før sola rann.

Men denne morgonen var han ikkje åleine. Denne morgonen var det rørsla som rådde i gangane, ei oppjaga rørsle. Flokk på flokk med arbeidsfolk og berarar kom og gjekk så varsamt dei kunne, og kviskrande, så dei ikkje skulle vekkje nokon. Det var som eit stort skip med smuglarar som lossa lasta si i svarte natta. Alle skunda seg stilt. I Massaba slott hadde det ikkje vore natt. Arbeidet hadde ikkje stogga.

I fleire veker no hadde Massaba vore sjølve det bankande hjartet i ein yrande aktivitet. Kong Tsongor skulle gifte bort dotter si til prinsen frå saltlanda. Frå dei fjernaste strok kom det karavanar med krydder, krøter og fine tekstilar. Arkitektar var hyra til å utvide den store plassen som strekte seg ut framfor slottsportane. Kvar ei fontene var pynta. Lange rekkjer med handelsmenn hadde bore fram fleire blomstersekker enn dei hadde tal på. Massaba levde etter ein rytme byen aldri hadde kjent før. Dag for dag auka innbyggjartalet. Under festningsmurane stod det no telt i tusental, med eitt hadde byen fått digre, fargerike forstader av teltduk der ropa frå barn som leikte seg i sanden blanda seg med rauting og breking frå storfe og småfe. Nomadar hadde komme langveges frå for å vere til stades denne dagen. Dei kom frå alle kantar. Dei vlle sjå Massaba. Dei ville vere med på bryllaupet kong Tsongor heldt for dotter si, Samila.

 

Frå siste del av kapittel IV, Massaba kringsett – inne i krigen:

Dei ilske krigartispene til Arkalas kjempa som galne. Men ein frykteleg lagnad venta dei. Bandiagara lét blikket sveipe over dei , desse tusentals kvinnekledde mennene skremde han verkeleg, og han teikna i lufta det hemmelege ordet forfedrane hadde gitt han. I det same fall det ei slør over vitet til tispene. Dei såg på sine eigne og såg i kvar frende ein fiende som skulle utryddast. Dermed gjekk tispene laus på kvarandre, overtydde om at dei berre førte kampen vidare, og lét dei eigentlege fiendane, som var ved sida av, vere i fred. Det som no utspelte seg, var det fryktelege dramaet det er å sjå ein hær rivast sund av innbyrdes kamp. Mennene til Arkalas, sminka og ferdig pynta til slag, fór i strupen på kvarandre og beit til den eine eller begge var døde. Midt i drepinga skratta dei i rein sinnsforvirring. Somme dansa på liket av barndomskameraten. Og Arkalas sjøl stirde som eit sinnsjukt uhyre rundt seg etter einkvan frå hans eigen klan han kunne rive opp sidene på, drikke blodet av. Da det gjekk opp for resten av Massabahæren at krigarane til Arkalas ikkje berre hadde slutta å slåst, men attpåtil gitt seg på kvarandre som fiendar, skar panikken frå eine enden av fronten til den andre. Og dei la på sprang for å sleppe unna døden. (…)

Da den siste av dei som rømde fronten vel var inne i Massaba og den veldige byporten slo i, ljoma jubelen over sletta. Halve Massabahæren var massakrert. På innsida av murane var det ingen som snakka. Krigarane hadde nok med å få att pusten. Og da dei endeleg fekk puste normalt att, begynte dei å gråte. Stilt. Og hendene, beina, hovudet skalv slik kroppen skjelv på dei som har tapt.