Lillehammer: Dag 4 – Ingrid Haug og Rebecca Dinerstein

Rebecca Dinerstein, som vert omtala som ”the latest US literary sensation” fekk eit reisestipend, drog til Lofoten og budde i Leknes i eitt år. Der var ho åleine ein heil vinter – då livet stort sett besto av å eta og skriva og å sjå ut glaset, har ho sagt. Likevel lærte ho seg norsk, og i 2012 kom den tospråklege diktsamlinga Lofoten ut på Aschehoug.

Rebecca Dinerstein i samtale med Ingrid Haug
Rebecca Dinerstein i samtale med Ingrid Haug

No har ho òg skrive ein roman, om mellom anna kunst, kjærleik og kulturkollisjonar, inspirert av menneska og naturen der oppe, og med boka si, let ho oss sjå på Nord-Norge med nye auge. Ho har ei glede over finurlege krokvegar i språket som ho deler med omsetjaren sin, Ingrid Haug. I dag snakka dei om om korleis The Sunlit Night blei til Sol hele natta.

Boka handlar om kunststudenten Francis frå Manhattan som dreg til Lofoten for å gå i lære hos kunstnaren Nils. Saman les dei to Lofotposten og slik lærer Nils henne norsk. Dialogen går føre seg på både norsk og engelsk, med innslag av fleire andre språk – norsk og russisk og jiddisch og ymse dialektar og innslag av gebrokken tale. Og korleis omsetja alt dette til norsk? Og korleis finna stilen eller tonen til ein amerikanar som har lært seg norsk av ein nordnorsk kunstnar? Solen eller sola?Ingrid fortel at ho mellom anna las diktsamlinga Lofoten og kunne konstatera at den inneheldt ikkje meir enn tre a-endingar.

Og publikum trosset været
Og publikum trosset været

Og det gebrokne? Om ein omset ”we have good time”, ”we have bad time” og ”Heaven and sea!” til norsk, vert det jo heilt normalt, så korleis ivareta den dårlege engelsken på norsk? Ein må snika han inn andre stader, meinte Ingrid. ”Du har gjort ein fantastisk jobb med å ivareta de framande og forvirringa”, sa Rebecca.