Mellom — nytt tidsskrift for omsett litteratur

Mellom er eit nytt tidsskrift for omsetting og omsett litteratur. Med Mellom fyller vi eit tomrom, då det per i dag ikkje finst tidsskrift som har omsett litteratur i sentrum. Mellom er eit rom for litteratur- og omsettingsinteresserte, mellom språk, mellom skrivarar, mellom tekstar.

Første nummer er eit nummer om verdien av omsett litteratur og den omsette litteraturens kraft. Det vil mellom anna dreie seg om verknaden omsett litteratur har på lesarar og samfunn, om språkleg tilfang og kva det vil seie for ein forfattar å bli omsett. I Mellom #1/2015 finn du blant anna tekstar av forfattarane Ali Smith, Hans Herbjørnsrud, Jonathan Littell og Daniil Kharms, dei prisvinnande omsetjarane Merete Alfsen, Bente Christensen og Ika Kaminka, intervju med forlagsbautaer som Birgit Bjerck, Åsfrid Hegdal og Janicken von der Fehr, essay om Hannah Arendt og presentasjon av det nye, tyske forfattartalentet Matthias Jügler.

Mellom kjem ut to gongar i året. Kvart nummer vil utforske ein aktuell tematikk eller eit område innan omsett litteratur, gjennom skjønnlitteratur, essay, fagartiklar, intervju, lesingar/kritikkar, presentasjonar av utanlandske forfattarar og/eller verk i form av omsettingar og lesingar, bokmeldingar som også gir plass til omsettinga, og omsettingsrelaterte essay/artiklar.

Første nummer er i sal frå 23. april, og kan kjøpast i følgande bokhandlar: Bislet Bok, Eldorado bokhandel, Audiatur, Tanum Litteraturhuset og Tronsmo.

Enkeltnummer og abonnement av Mellom kan også tingast på e-post: salg@tidsskriftetmellom.no.

Velkommen inn i Mellom.

Melloms Facebook-side finner du HER. Informasjon om slippfest-arrangement den 23. april finnes HER.

Leave a comment

name*

email* (not published)

website