Blant folk var ho mest kjend som lyrikar, men innsatsen hennar som omsettar er likevel langt meir omfattande enn diktargjerninga. Ho omsette frå fransk, tysk, engelsk, italiensk og svensk. I alt vart det over 60 dramaomsettingar, dei fleste for Det Norske Teateret. Deriblant Tolvskillingsoperaen av Bertolt Brecht i 1992.

Bentein Baardson ville skape «en slagkraftig og besk Brecht for vår egen tid» og med verkemiddel deretter. Her fekk Moren Vesaas vist si tøffaste side, i ein alder av 84 år. Og mange av dei store klassiske gjendiktingane sine skapte ho nettopp etter fylte åtti. Da ho i 1987 fylte 80 år, blei ho spurt om ho no skulle begynne å slappe av. Moren Vesaas var klar og kontant: «Det må ein iallfall ikkje gjere når ein er blitt åtti år! Ein må ikkje bruke si tid på å slappe av!»

Les Tove Bakkes artikkel om Halldis Moren Vesaas’ liv som oversetter i Norsk Oversetterleksikon.