Historie og historier om eit populært uttrykk

Av Lasse Dyrdal

Er du ein av dei som bruker ok eller okay dagleg, kanskje til og med fleire gonger om dagen, så er du ikkje åleine om det. Ikkje som nordmann, ikkje som amerikanar eller engelskmann – nei, du er i godt selskap med millionar av menneske over heile verda. Okay er nemleg det mest brukte uttrykket i dag, på mange språk. Og i dataalderen møter du ok som tastetrykk – på pc-en, på mobilen og på fjernkontrollen. Så det blir sikkert milliardvis av ok-trykk kvar einaste dag.

Okay er hendig å ty til når du skal gjere ein avtale eller gi uttrykk for at alt er i orden – ja, kort sagt at alt er ok.
Men okay er ikkje norsk. Eller rettare sagt: Det var ikkje opphavleg norsk. Sjølvsagt var det amerikansk – eller var det kanskje ikkje det heller? Choctaw-indianarane brukte noko slikt som okeh eller hokeh når alt var i orden. Og då er ordet eldgammalt.

All correct
Dei fleste ordbøker er nokså knappe når det gjeld etymologien til okay, men enkelte har vore inne på indianar-teorien. Mange meiner at det står for all correct, skrive på ein folkeleg måte som oll korrect. Elles vrimlar det av historier om dette populære uttrykket, sjølv om språkhistoria ikkje kan slå endeleg fast når okay såg dagsens lys – eller vart brukt første gongen.

Old Kinderhook
Det blir hevda med styrke at det var politikken som har ansvaret eller æra for å ha skapt okay eller ok. Under valkampen før det amerikanske presidentvalet i 1840 stifta nemleg dei mest ihuga tilhengjarane til Martin van Buren ein klubb som vart kalla OK-klubben. Van Buren, som då var demokratisk presidentkandidat for andre gongen, var fødd i ein liten by ved Hudson-elva med det klingande namnet Old Kinderhook. Martin van Buren vart ofte omtala som politikaren frå Old Kinderhook – ja, bynamnet vart faktisk brukt som kjælenamn på han, og klubben tok bokstavane OK for å gi organisasjonen passe mystiske initialar. Namnet gjorde seg bra, det vart jamvel brukt som krigsrop ein gong medlemmene – som også vart kalla ”Locofocos” – freista å bryte opp eit politisk møte i New York. Men OK hadde ikkje nok effekt på den politiske arenaen. OK-folka vart kasta på dør, og ei avis fann ut at OK sikkert var arabisk og skulle lesast baklengs: kicked out. Mange kjenner også KO frå boksespråket – knock out.

Oll korrekt
Men uttrykket OK var på ingen måte sparka ut av det amerikanske språket. Det hadde kome for å bli, ikkje minst i politikken. Fleire stader i USA dukka det opp i valpropagandaen, i Ohio som slagord for entusiastiske veljarar. Dei vifta med ein plakat der det stod: The people is oll korrekt. Stavemåten var nok litt vulgær, men slagordet om at det ikkje var noko i vegen med folket, appellerte til veljarane.
I slutten av 1830-åra kom også den moten som i våre dagar har gripe meir og meir om seg: forkortingar og akronym, som ikkje minst amerikanarane er glade i. Det som kan seiast kort og godt, treng ikkje vere langt og innfløkt. Særleg Boston og New York var tidleg ute med denne typen språkbruk.
Det var frå 1840 og utover at OK og okay børja vinne terreng i USA. Etter kvart auka også interessa for kva opphav dette merkelege ordet kunne ha. Mange språkforskarar dreiv iherdig jakt for å finne forhistoria til dette korte, hendige uttrykket som var så lett å gripe til – og som så lett greip om seg. Resultatet vart mange ulike teoriar.

Amos is oll korrekt and no mistake!
Ut frå eit patriotisk synspunkt er det lett å skjønne at Andrew Jackson, presidenten og krigshelten som var like godt kjend under tilnamnet Old Hickory, burde få farskapet til okay. Jackson brukte gjerne ein folkeleg uttrykksmåte. Ein gong misunnelege personar prøvde å sverte sekretæren hans, Amos, slo Jackson i bordet og kom med denne fyndige attesten: Amos is oll korrekt, and no mistake! Amos var OK, og dermed basta! Old Hickory hadde gått gjennom papira til Amos og funne ut at dei var i orden.
Jackson er visstnok også ein av dei første som brukte å skrive OK på dokument for å vise at han hadde godkjent dei – og dei var oll korrekt.
Som ein kuriositet kan nemnast at ein stor amerikansk speditør, Obediah Kelly, skreiv berre forbokstavane sine på alle fraktbrev. På denne måten gjorde han sitt til at OK vart utbreitt. Men det er vel heller tvilsamt om han dermed har krav på noko av æra for OK. Det same får ein vel seie om indianarhøvdingen Old Keokuk. Då er nok okeh i Choctaw-dialekten eit meir sannsynleg opphav. Og det blir fortalt at president Wilson også signerte dokument med okeh når han fann alt i orden, jamvel om han sjølv ikkje hadde indianarblod i årene.

OK – ZERO KILLED
Det var vel ikkje så altfor ofte at dei kunne sende melding frå fronten om ingen drepne, men det blir hevda at denne forma for OK vart brukt så tidleg som i den amerikanske borgarkrigen, og at ho seinare er brukt på militære oppdrag i nyare tid.

Aux quais – vi møtest på kaia!
Det er ingenting i vegen for at okay kan ha kome frå sjømannsspråket. Når franske sjømenn under den amerikanske fridomskrigen skulle avtale stemnemøte med dei amerikanske venninnene sine, var kaiane eller brygga ein aktuell møteplass – aux cayes. Uttalen ligg nær opp mot okay.
Aux Cayes er også namnet på ein hamneby som ligg på Haiti, kjend for eksport av førsteklasses rom.

Hofgor
Det kan elles vere smigrande for ein nordbuar å sjå at ein språkforskar nemner at at okay også kan skrive seg frå eit uttrykk som vart brukt for fleire hundre år sidan av norske og danske sjøfarande: det angelsaksiske hofgor, klar for sjøen og forkorta til HG.

Kjeks som smakte OK
Under borgarkrigen fekk dei amerikanske soldatane kjeks frå eit firma som sette forbokstavane sine på boksane. Kjeksen kom frå Orrins Kendall, og dei smakte ekstra godt for svoltne soldatar. OK var straks brukt både om merke og kvalitet.

Horkey
Amerikanske farmarar hadde eit ord for det siste lasset som vart køyrt inn om hausten, nemleg horkey. Uttalen ligg nær okay.

Oberst Kommandant
Nok eit historisk innslag høyrer med: Den prøyssiske generalen Schliessen, som slost på koloniane si side, brukte å signere ordrar og brev med OK. Det stod for Oberst Kommandant.

Oikea – och aye
Kanskje vi også skal ta med det finske oikea og det skotske och aye, som vel begge tyder noko bortimot i orden, men elles leggje til at dei neppe har noko med det amerikanske okay å gjere.
Det same gjeld Ohne Korrektur, kjent frå tysk trykkeriverksemd som OK når dei ikkje hadde lese korrektur på manuskriptet.
Likevel viser desse eksempla at OK eller okay lett kunne gli inn i andre språk enn amerikansk og engelsk.

Okay blir internasjonalt
Under den andre verdskrigen vart amerikanske soldatar møtte med OK på alle frontar – både i Japan, i Nord-Afrika og sjølvsagt i Europa, der okay lenge hadde vore på folkemunne.
Og i våre dagar er det ikkje minst fjernsynet som har gjort sitt til massedistribusjon av okay. Vi ser amerikanske filmar der uttrykket OK stadig er brukt, ofte i variantar som okee dokee.
Det Norske Teatret spela for nokre år sidan Troilus og Cressida av William Shakespeare. Då sprang greske krigsheltar rundt på scenen og ropte okay, okay. Dei hadde nok ikkje dette frå Shakespeare eller frå gresk, men språkbruken gav stykket eit tilsikta moderne uttrykk.

Er okay alright?
Amerikansk slang vart før gjerne møtt med ein viss motvilje i England. Motstanden mot okay var likevel nyttelaus, jamvel om engelskmennene gjerne ville halde fast på sitt righto eller i alle fall all right/alright. Det siste blir jo ofte brukt synonymt med okay og høyrer avgjort med til høgfrekvente internasjonale uttrykk.
Men okay har funne vegen inn i britiske salongar og jamvel inn i diplomatisk språkbruk. For å sitere The Edinburgh Scotsman: ”From the slang of the American bargee (bargeman), it has advanced to the favour of diplomats”.
Og slik gjekk det til på Moskva-konferansen i 1941: Då Stalin hadde formulert sine krav, og dei vart omsette og opplesne for den amerikanske representanten Averell Harriman og den britiske Lord Beaverbrook, som på punkt for punkt skulle svare for sine respektive nasjonar. I dette selskapet var det Harriman som brukte det mest britiske uttrykket agreed når han kunne akseptere Stalins krav, mens lord Beaverbrook svara okay på vegner av Storbritannia.

Alt er okay
Amerikanarane eksperimenterer gjerne med språket sitt, og bruken av okay er i dag svært fleksibel. Ordet er ok eller okay både som substantiv, adjektiv og verb. Er du okay, er du ein okay person. Og du kan gi ditt okay til alt du synest er ok.
Vi har streifa innom ein del uttrykk som kanskje kan vere opphavet til OK eller okay. Etter denne lingvistiske rundturen kan vi berre slå fast at ordet i dag er meir i bruk enn nokon gong før. Og då kan det kanskje vere det same med alle teoriane. Vi har fått eit kort og effektivt uttrykk som høver godt i moderne språkbruk og på alle språk. Og det er vel OKAY?