Språkgledeprisen 2016 tildelt Kristin Fridtun

Forfatteren, spaltisten og foredragsholderen Kristin Fridtun er tildelt Språkgledeprisen for 2016. Prisen ble delt ut under Oversatte dager på Litteraturhuset i Oslo lørdag 20.2.

Det er Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, Norsk Oversetterforening og Språkrådet som deler ut prisen. Prisen skal hedre en person i norsk offentlighet som på kreativt vis bidrar til å spre språkglede og skape begeistring for ulike måter å uttrykke seg på. Prisvinneren får 15 000 kroner og en silkepute med et grafisk trykk av Anna Fiske. Kristin Fridtun er født i Elverum og bor i Bergen.

Juryen skriver i sin begrunnelse:
«No når Språkgledeprisen blir delt ut for andre gong, går han til ein person som på kreativt vis spreier språkglede og skapar begeistring med og for språk i den norske offentlegheita, i fleire ulike sjangrar.

Årets prisvinnar har språk både som tema og arbeidsverktøy for føredrag, ei fast avisspalte og fleire bokutgjevingar. Med stor språkleg presisjon, stilsikker eleganse og omfattande språkkunnskap utforskar prisvinnaren vanlege ord og uttrykk på uvanlege måtar: Ein klem kan vere både klam og klemmande og slik setje deg i ei lei klemme, og ein kan komme på kant med folk ved å vere på kanten, anten det er på austkanten eller vestkanten, men trekantdrama finst over alt. Juryen set pris på og priser seg lykkeleg over at prisvinnaren priser språket så prisverdig.

Kunnskapsrik og vittig, velformulert og fryktlaus gyv årets prisvinnar laus på emne som for andre er vanskelege. Prisvinnaren gjev etymologien eit lett oppkok og byr på nye utleggingar kvar veke i spalta si i Dag og Tid, Ivar Aasen blir til ein ung, attraktiv type på 22 år i føredraga hennar for skuleelevar over heile landet, og ho slår eit slag for å riste nytt liv i pronomensystemet ved å ta i bruk «hen» som kjønnsoverskridande pronomen. Hen har gjeve ut bøkene «Nynorsk for dumskallar», «Norsk etymologisk oppkok. Du veit ikkje kva du snakkar om» og sist «Kjønn og ukjønn» – eit ordhistorisk essay om arveordet «kjønn». Det språklege engasjementet til årets prisvinnar er sterkt og allsidig, og hen spreier språkglede og begeistring til eit publikum i alle aldrar. Vi gratulerer Kristin Fridtun som vinnar av Språkgledeprisen 2016.”

Takketalen kan du lese her:
«Hjarteleg takk for den varme mottakinga, takk til juryen, og ikkje minst: Takk til den eller dei som nominerte meg til denne gjæve prisen.

Jamvel om eg har greidd å spreia glede gjennom arbeidet mitt, må det seiast at eg òg har greidd å hissa opp og terga på meg opptil fleire personar. Ikkje med vilje, det er snarare slik at eg uforvarande har skumpa borti nokre ømme punkt og farlege kvefsebol. Til dømes ved å testa ut pronomenet hen.

Eller ved å halda meg utanfor gjeldande rettskriving, slik eg gjorde i dei tidlege og mest formative nynorskåra mine. Eg skreiv såkalla høgnorsk, eller retro-nynorsk, og det var ikkje særleg populært, heller ikkje blant målfolk. Men for meg var det veldig gjevande. Eg brukte mykje tid på å etterlikna Ivar Aasen og andre landsmålsforfattarar, og på den måten lærte eg å skriva enkle, ryddige, forståelege setningar – noko eg òg har nytte av når eg skriv moderne nynorsk og bokmål.

Problemet med å skulla skriva forståeleg er at du fyrst må forstå det du skal skriva om. Akkurat det verkar skremmande for mange, som heller ordlegg seg snirklete eller vagt sånn at det ser ut som dei veit kva dei driv med. Heldigvis oppdaga eg tidleg at det å tvinga seg til å skriva klårt er den beste måten å læra noko på. Den som har lært mest av dette mangslungne – og no prislønte – formidlingsarbeidet, er utan tvil eg sjølv.

Men det ser ut til at andre folk òg får noko ut av det. Det hender til og med at eg får fanbrev, som oftast på e-post, og som oftast frå folk over 70. «Kidsa» har ikkje like lett for å ta kontakt, men i vinter hende noko merkeleg. Det var ein mørk og sein januarkveld, og eg sat på ein lokalbuss utanfor Bergen. I det eg reiste meg og skulle gå av på stoppet mitt, såg eg i sidesynet at ein person gjekk raskt mot meg, og før eg fekk tenkt meir over det, kjende eg lett prikking på skuldra. Eg snudde meg og såg ei ung jente eg aldri hadde sett før. Ho strekte fram eit samanbretta ark og sa at det var til meg. Eg rakk så vidt å takka før eg måtte skunda meg av bussen.

På arket stod det: «Tusen takk for hjelpen, Nynorsk-Kristin. Det er lett å følge med på dine YouTube-timer (…)» YouTube-timane er eit nettkurs, ein serie videoførelesingar, der eg går gjennom den nynorske grammatikken punkt for punkt for punkt. Eg visste at dette videokurset var i bruk, men eg hadde aldri trudd at det skulle generera eit fysisk fanbrev frå eit ungt menneske.

Alle desse gode orda – anten dei kjem på e-post eller på eit samanbretta ark eller i form av ein gild språkpris – gjev kveik til vidare arbeid for og med og om ord. Så atter hjarteleg takk!»

Det er andre gang prisen blir delt ut. Knut Nærum ble tildelt Språkgledeprisen i 2013.