Regjeringa foreslår i framlegg til statsbudsjett at medlem av Norsk Oversetterforening Geir Uthaug vert tildelt statsstipend frå 2015. Dei viser til hans ”breide virke som forfattar, lyrikar, gjendiktar og litteraturformidlar. Han gav i Wergeland-året 2008 ut den store Wergeland-biografien Et verdensdyp av frihet, og har gjendikta fleire store engelske romantikarar, frå William Blake til Lord Byron”. Om det siste, om å vera ”Besatt av Byron (og Don Juan)” skreiv han på omsetjarbloggen i 2010, og det kan godt lesast ein gong til. Vi gratulerer og vonar i det minste dette vert ståande når budsjettet endeleg vert vedteke.