Treng du arbeidsro, eller har du eit samarbeidsprosjekt saman med andre? Leveld Kunstnartun i Ål i Hallingdal lyser ut gratis stipendopphald frå 1. januar til 31. august 2016. Opphald er tiltenkt profesjonelle kunstnarar – biletkunstnarar, forfattarar, musikarar, skodespelarar og kulturarbeidarar mv. Det er eit vilkår at ein er medlemskap i ein fagorganisasjon, eller at ein kan legge fram tilsvarande fagleg dokumentasjon. Søknadsfrist 1 juni 2015.

Det er gratis bruk av verkstad og internett. Stipendiatane må sjølv ta med materiale, reiskap, instrument og laptop til eige bruk. Opphaldsperioden er normalt 1 månad, men både kortare og lengre opphald kan avtalast.  Det er eit vilkår at stipendiatene under opphaldet formidlar sine prosjekt eller relatert emne lokalt etter nærare avtale.  Det er mulighet for yngre, nyutdannet kunstnarar å søkje om økonomisk stipend, E-CO – Energi stipendet Sjå full utlysning på www.kunstnartun.no

Send søknaden til leveld.kunstnartun@gmail.com innan 1. juni 2015.
Den må innehalde: Personlege data: Namn, adresse, tlf. mob. mailadresse, fødselsår, ev. webside, facebookside, fagleg medlemskap. Informasjon om deg sjølv som kunstnar, forfattar mv. og kunstnarisk produksjon, CV. Vis gjerne til foto, video, lydfiler, ref. til publikasjonar, verk. Prosjektbeskrivelsen for arbeidet under opphaldet blir vektlagt ved utveljinga. Grunngi ønsket om stipendopphald i Leveld Kunstnartun. Oppgi ønske om tidspunkt og lengde for opphald. Ver snill å oppgje om du er innstilt på å bu saman med andre kunstnarar i Lærarbustaden. Av omsyn til fleirbruk kan brukarar av tunet ikkje ha med kjæledyr.