Oversatt Aften: Boblenes tale ved teikneserieoversettar Tor Lier
Torsdag 3. mai kl. 19 i Kverneland, Litteraturhuset, Oslo.
Oversatt aften handlar denne gongen om boblenes tale, oversettaryrkets mest krevande øving/sport når det gjeld kort, treffande og presis formuleringsevne. Teikneserielesarar er meir utolmodige enn andre, og finn seg ikkje i replikkar som ikkje fungerer. Men i opphavet song ikkje eingong Donald med sitt nebb på norsk, sjøl om det verkar slik. Ein av dei som har lært han det, er Waldemar Hepstein, som teikneserieoversettar Tor Lier kallar seg i embets medfør. Les mer