Lederartikkel trykt i nummer 2/2018 av tidsskriftet Mellom.

Det er mogleg å sjå to ulike tradisjonar innanfor europeisk kontinentalfilosofi, påstår den fransk-tunisiske filosofen Mehdi Belhaj Kacem: den skolastiske, som universitetsprofessorane har drive med, frå Immanuel Kant til Alain Badiou; og den negative filosofien, som dei med eit meir problematisk forhold til universitetsinstitusjonen har drive på med, frå Friedrich von Schelling til Maurice Blanchot. For Kacem følgjer skiljet mellom desse to tradisjonane skiljelinja mellom to ulike syn på mennesket. Innanfor universitetas veggar rådar synet på mennesket som det godes og rasjonalitetens vesen, meiner han, mens utanfor er interessa større for vondskapen som eit særskilt menneskeleg fenomen.

Kacem, som i dette nummeret av Mellom er på trykk på norsk for første gong, skriv seg klart inn i den siste av dei to tradisjonane i kontinentalfilosofien, og sjølv meiner han at han er i ferd med å utvikle eit splitter nytt omgrep om kva vondskap er. I følgje Kacem er det evna vår til å nytte kunne om verda (vitskap) til å lagre kunne i verda som teknologi, som har gjort menneskja overlegen dei fleste andre artar på jordkloden. Samstundes påfører vi kvarandre og anna liv på denne planeten ganske ufattelege lidingar gjennom nettopp evna vår til teknologi. Det er denne baksida av medaljen Mehdi Belhaj Kacem ønsker å tenke om på eit nytt vis.

Kva gjer vi med Gud?
I ei bokmelding i det førre nummeret av Mellom skreiv Ragnhild Skeie Sunde om Hannah Arendt, som i 1954 hevda at «dei sentrale utfordringane i verda i dag er den politiske organiseringa av massesamfunn og den politiske integreringa av teknisk makt». Etter Kacem kan dette omsettast med spørsmålet: Kva skal vi gjere med Gud?

For kva om Gud var all kunnskap som vi menneske har lagra utanfor oss sjølv, altså sjølve teknologien? Skildringa av Gud som allvetande og allmektig ville det i så fall vere uproblematisk å finne grunnlag for: Kven andre enn Google kjenner våre minste skritt; kva anna enn appar er det vi tek i bruk for å handtere, analysere og ta avgjerder i vår stad når vi ønskjer å få handling ut av enorme mengder med informasjon.

Med alt kva det inneber, har evna vår til teknologi gitt oss verdshegemoni. Sidan den neolittiske jordbruksrevolusjonen har teknologien blitt ei kraft på kloden vår, som er så sterk at den nederlandske nobelprisvinnaren og atmosfæreforskaren Paul Crutzen allereie i år 2000 foreslo å kalle tidsepoken som vi lev i no for antropocen – tidsalderen til mennesket. Om ein vel å akseptere eller ikkje Kacem si tolking av Gud som teknologien sjølv i eigen høge person, så gjeld det uansett at teknologien ikkje treng å vere til det gode. Han kan like gjerne bli brukt til å gjere vondt.

I dette nummeret av Mellom trykker vi eit utdrag frå Mehdi Belhaj Kacem si seinaste bok, Gud. Minnet, tekno-vitenskapen og det onde, omset av Erlend Wichne.

Omsetting i det vondes teneste
I seg sjølv er ikkje omsetting godt. Omsetting kan gjerast på måtar og med mål som augnesynleg valdar meir skade enn brubygging.

Men står ein likevel i fare for å berre sjå det gode når historia om omsetting og omsettarar skrivast? «Som alle andre kunstnar- og yrkesgrupper kjem omsettarar i eit uendeleg utval ulike former, med ulike bakgrunnar, moglegheiter og ideologiske overtydingar, men forskarar har først og fremst vore interesserte i omsettaranes fellestrekk snarare enn ulikskapar, slik som til dømes forskinga på omsettarens habitus viser.» Dette skriv Ida Hove Solberg i artikkelen «Krigens kraftigaste våpen», som er på trykk i dette nummeret av Mellom.

Solberg har vitja Riksarkivet for å sjå nærare på korleis omsetting vart brukt av den tyske okkupasjonsmakta i kampen om norskingane sine hjarte under den andre verdskrigen. Funna hennar viser at omsetting hadde ein viktig plass i dei tyske nazistane sin strategi for å få spreidd sin eigen ideologi. Saman med sensur, er omsetting og publisering av litteratur som stiller ei okkupasjonsmakt i fordelaktig lys, uhyre kraftige våpen.

Planen til okkupasjonsmakta i Noreg var å innføre ei eiga avgift på omsett litteratur som skulle bli utgjeven, noko dei formaliserte med «Forordning for oversettelseslitteratur av 29. oktober 1941». Men i tillegg til å vere ei avgift vart forordninga eit verktøy for den nye makta til å kontrollere og eventuelt forhindre det som var planlagt publisert her til lands. Forlagshusa måtte skrive søknad om kvar einaste bok dei ønskte å gi ut i omsetting. Dei måtte tekkast sensuren, både i valet av bøker å omsette, og med tanke på korleis dei presenterte desse for Kultur- og folkeopplysningsdepartementet, som var behandlingsinstansen for søknadane.

Enkelte forlagshus var velvillige og samarbeida med okkupasjonsmakta, andre var pragmatiske og nokre meir kranglevorne. Kva som er, så vart det gitt ut ein god del omsett litteratur i Noreg gjennom andre verdskrigen, og omsetting vart sett på som ein viktig del av propagandaen til okkupasjonsmakta.

Kva gjer vi med omsettingshistoria?
Solberg problematiserer korleis vi fortel historia om omsetting her i landet. Gjennom viktige prosjekt som Norsk Oversetterleksikon (NOleks, som Mellom også samarbeider med) blir omsettarar og omsetting endeleg vigd den merksemda som høver seg. Men kva plass får den vonde omsettinga? Korleis ønsker ein å fortelje historia om omsettarane som var delaktige i spreiinga av bodskap om vald og vondskap?

For tidsskriftet Mellom finst der liten tvil om at den vonde historia også treng ein plass. Som Solberg skriv i artikkelen sin: «Skal ein verkeleg kunne gi utfyllande svar på korleis omsetting forandrar verda, må ein også gå inn i det vonde.»

Ein interessant artikkel frå NOleks er i så måte den som Jan Jakob Tønseth har skrive om omsettar og gjendiktar Kristen Gundelach (1891–1971). Han var ein viktig gjendiktar av blant anna fransk poesi, og i Asbjørn Aarnes og Emil Boyson sin antologi Fransk poesi fra Rolandssangen til våre dager frå 1963 var det Gundelach som hadde med flest bidrag. Tønseth skriv at da andre verdskrigen kom, valde Gundelach feil side, «noe som nok berodde på hans tidlige begeistring for Mussolini og fascismen. Gundelachs mer eller mindre erklærte ‘antimodernisme’ var også i tråd med nazismens kultursyn. Han deltok aktivt i Nasjonal Samlings kulturarbeid og sonet en lengre landssvikerdom på Ilebu (tidligere Grini) etter krigen.»

Det kjem fram eit nytt element om Kristen Gundelach si gjerning som omsettar i Solberg sin artikkel: Gundelach stødde eksplisitt ideen om ei «forordning for oversettelseslitteratur» i tida da Noreg var under tysk okkupasjon.

Norsk Oversetterleksikon presenterer norsk omsettar- og omsettingshistorie på ein i hovudsak biografisk måte. Fleire større temaartiklar ligg også ute på www.oversetterleksikon.no, men talet på artiklar om enkeltpersonar som har drive med omsetting, er mykje høgare. Eit perspektiv som inntil no er fråverande, er kva bruk ulike maktinstansar har gjort seg av omsetting. Sjølv om den enkelte omsettaren alltid står i ein posisjon der hen er nøydd til å velje kva slags litteratur hen er med på å spreie vidare, er det ikkje til å kome bort ifrå at omsetting også er eit verktøy som er uunnverleg for kvar einaste instans med eit ønskje om å nå ut med ein bodskap. Dette er grunnen til at Solberg sin tekst er oppskakande. Han viser korleis ei okkupasjonsmakt er seg bevisst omsettinga si kraft og korleis denne makta gjer seg bruk av omsetting i eit forsøk på å vinne dei okkuperte sine hjarte og hjernar.

Omsetting i det godes teneste
Tidsskriftet Mellom hadde ikkje eksistert om vi ikkje tenkte at omsetting kan brukast til noko godt. Motivasjonen vår spring ut av trua på at omsetting betyr noko, at det påverkar oss menneske og at det seier noko om oss. På både godt og vondt.

Omsetting kan vere eit verktøy for å få til noko bra. To av tekstane i dette nummeret av Mellom er døme på det. Ei gruppe unge kvinner i Myanmar starta studiegruppa Rainfall tilbake i 2011. Deira forsøk på å kontekstualisere feminisme i dette landet er eit radikalt arbeid for rettferd mellom kjønn, samfunnsklassar og etniske skiljelinjer i eit land der det fullstendig mannsdominerte militæret har uhyre stor makt. FN-granskarar meiner blant anna at generalar i det myanmarske militæret no må stillast til ansvar for brotsverk mot menneskeheita ikkje berre i samband med krisa i Rakaine, men også på grunn av brotsverk i delstatane Kachin og Shan. Ei av grunnleggarane av Rainfall, Shunn Lei Swe Yee, skriv i Mellom om korleis dei forsøkjer å gi omgrepet feminisme meining i eit land som på mange plan er gjennomsyra av patriarkalske normer, reglar og lover. Samstundes beskriv ho korleis det nitide omsettararbeidet som i hovudsak dreier seg om å hente tankegods til Myanmar frå engelskspråklege tenkarar, i større og større grad no får studiegruppa i Rainfall til å sjå kva potensial som ligg i deira eigen kultur og i deira eige språk.

På same tid har den frustrerte manne-kongen Gilgamesh reist seg opp igjen gjennom ei gjendikting som Rolf Losnegård står for, og han blir i dag brukt som ein del av integreringstilbodet for personar som kjem utanlands frå til Sogn og Fjordane. Losnegård har gjort eposet om Gilgamesh – verdas eldste nedskrivne litterære verk – til eit stykke forteljeteater som han framfører aleine på scena. I teksten som han har skrive til dette nummeret av Mellom, fortel Losnegård om korleis han opplever at denne historia, om ho no vert framført på eit bibliotek i Luster eller utanfor ei hytte i fjellheimen, bind menneske frå ulike kulturar saman, og han viser oss at litteraturen og omsettinga si kraft kan utrette store ting også i det små.

Nye stemmer
Vi i Mellom er glade for å kunne presentere nye litterære stemmer i ny norsk omsetting. I dette nummeret trykker vi eit relativt stort utval med dikt frå den britiske poeten Peter Reading sin karriere. Det er Håkon Kaya som står for utvalet, gjendiktinga og presentasjonen av Reading. Mange av Reading sine dikt kretsar rundt valdelege kvardagshendingar. Difor passar desse dikta godt inn i ramma for dette nummeret av Mellom: omsetting og vondskap.

Noko av det fascinerande med dikta til Reading, er at dei valdelege motiva vert formidla gjennom dikt som følgjer svært stramme metriske mønster. Kaya skriv om den paradoksale verknaden som medvitet om det formelle ved dikt kan ha: «Med denne innsikten ble lysten til å oversette diktet til norsk for alvor vakt. Denne oppgaven virket til å begynne med nesten uoverkommelig dersom den originale skanderingen skulle bevares.»

I dette nummer 2/2018 av tidsskriftet Mellom kan ein elles lese om Kenneth Pettersen sitt arbeid med å omsette slik internett kjennest. Han har skrive om denne omsettingsnøtta i samband med utgivinga av Darcie Wilder sin roman literally show me a healthy person – eller seriøst si meg EN person som ikke har issues, som boka har blitt heitande på norsk. Dessutan har Julia Wiedlocha gjendikta og skrive om polske Sylvester Golab sin poesi, og Signe Prøis har omsett noveller av argentinske Samantha Schweblin. I serien av smakebitar frå NOleks trykker vi ein omsettarbiografi om Rolf Løland, skriven av Harald Bache-Wiig.

Som vi plar, byr vi også i dette nummeret av Mellom på kritikk av nyleg omsett litteratur frå eit variert språkområde. Denne gangen kan du lese om to diktsamlingar og tre romanar.

Rune Hjemås tar for seg Johann Grip og Henning Hagerup si gjendikting av den 2000 år gamle antikke poesien til Catullus. Bendik Vada hevdar at Gisle Selnes har utført ei stor bragd ved å omsette diktsamlinga Trilce av peruanske César Vallejo. Ingeborg Fossestøl har meldt den tyrkiske kjærleiksromanen Madonna i pels av Sabahattin Ali. Romanen er frå 1942, men har stadig auka i popularitet og er no komen i norsk omsetting av Alf Storrud. Macho kjærleikshistorier i Mesopotamia av Serhij Zjadan er utsett for Merete Røsvik sitt kritiske blikk. Den ukrainske romanen er omsett av Dagfinn Foldøy. Vidare har Ingeborg Urke Myklebust latt seg fascinere av spøkelsesmotivet og omsettar Ingrid Melfald Hafredal sitt språk i De vektløse av mexicanske Valeria Luiselli.

Til slutt står det berre for oss å takke dei gode omsettingsvaskarane Ewa Wiedlocha og Idun Heir Senstad, og å ønskje lesarane våre og vårt nye redaksjonsmedlem, Even Teistung, velkommen inn i Mellom.

God lesnad!

Helsing redaksjonen

Ida Hove Solberg, Erlend Wichne, Ingeborg Urke Myklebust, Runa Kvalsund, Julia Wiedlocha (permisjon) og Even Teistung