Litteraturbransjen skal være eit trygt og inkluderande sted for alle! Derfor bestemde fleire foreiningar på litteraturfeltet, mellom dei NO, seg i fjor for å jobbe saman om å kartlegge omfanget av seksuell trakassering i bransjen. Foreiningane har sidan utvikla retningslinjer og varslingskanalar for å førebygge og handtere diskriminering og seksuell trakassering.

Som følgje av dette arbeidet oppnår blant andre Norsk Oversetterforening no Balansemerket, som er ei merkeordning mot diskriminering og seksuell trakassering i kulturlivet.

– Retningslinjer gir ein tryggleik fordi dei skapar ein grenseoppgang og kan virke førebyggande, men det viktigste med arbeidet som har blitt nedlagt, er rettleiaren og varslingsrutinane. Det at ein som frilansar har eit konkret sted å venda seg til, er heilt avgjerande for at ein tør å varsle. Det gjer det også enklare for oss som organisasjon å handtere varsel, for som medlemsorganisasjonar kjenner vi ofte både varsler og den det er varsla om, seier Hilde Lyng, foreiningsleiar i NO.

Balansemerket blir administrert av Balansekunst, eit samarbeid mellom over 100 norske kunst- og kulturorganisasjonar som jobbar for eit likestilt og mangfaldig kulturliv. Merket blir delt ut for eitt år om gongen. Også Dramatikerforbundet, Den Norske Forfatterforening, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, Tekstallianse, Norske barne- og ungdomsbokforfattere, Forfattersentrum og Forleggerforeningen oppnår Balansemerket i år. Les meir om merkeordninga her.