Vi gjør oppmerksom på følgende nyhet fra oversettelsestidsskriftet Mellom:

Mellom gir nå ut sitt andre nummer, som tematiserer korleis litteratur kan reise med menneske på tvers av språk og kulturar, ved til dømes migrasjon, flukt og eksil, eller rotløyse. I Mellom #2 finn du blant anna tekstar av Amalie Smith, Ingrid Melfald Hafredal, Nelly Sachs, Astrid Nordang, Gunnhild Øyehaug, Eivind Myklebust, Rowan Ricardo Phillips, Kristina Quintano, Ornela Vorpsi og Mathias R. Samuelsen.

Mellom kjem ut to gongar i året. Kvart nummer utforskar ein aktuell tematikk eller eit område innan omsett litteratur, gjennom skjønnlitteratur, essay, fagartiklar, intervju, lesingar, kritikkar, presentasjonar av utanlandske forfattarar og/eller verk i form av omsetjingar og lesingar, bokmeldingar som også gir plass til omsetjinga, og omsetjingsrelaterte essay og artiklar.

Nummeret kan kjøpast i følgande norske bokhandlar i tillegg til utvalde Narvesen-kioskar: Tronsmo, Boksalongen, Bislet Bok, Eldorado bokhandel, Audiatur, Tanum Litteraturhuset, Babel bok, Cappelens Forslag, Tanum Oslo City og Norli Universitetsgata. Mellom kan også tingast her: salg@tidsskriftetmellom.no.