Nytt fra Norsk Oversetterleksikon: Ivar Eskeland (1927–2005)

Ivar Eskeland var omsetjar, forfattar og «rikskåsør»,[1] og hadde ei rekke tillitsverv og leiarstillingar i Noreg og på Island. Eskeland har omsett over 120 verk frå færøysk, islandsk, svensk, fransk, tysk og andre språk, og han har sjølv forfatta bøker om mellom anna nobelprisvinnaren Halldór Kiljan Laxness, om det islandske språket, og kåserisamlingar. Han har vore formann i og æresmedlem av Norsk Oversetterforening. Som omsetjar fekk han Bastianprisen (1972), Kultur- og kirkedepartementets premie (1979) og Norsk kulturråds oversetterpris (1982). For sitt samla virke var han slått til riddar av St. Olavs orden. Han var statsstipendiat frå 1976.

Les mer om den tidligere formannen og æresmedlemmet i Norsk Oversetterleksikon.