Laurent Gaudé: Kong Tsongors død
Av oversetter Tove Bakke
Dette er noko så sjeldan som ein nydeleg roman om krigens vesen. Den er full av krig og fred. Når eg tenkjer på boka, og det gjer eg merkeleg nok ofte, minnest eg ei stemning av ro, og ord som innsikt og klokskap er ikkje langt unna. Og eit musikalsk og fint språk å arbeide med. Men no kjem eg jo på at eg måtte til Snorre for å lære å formulere drapsmetodar i nærkamp: dei hogg, stakk og beit før i tida. Kong Tsongors død føregår også for lenge sidan, i eit mytisk ”Afrika”. Det var faktisk frykteleg å grave seg ned i kampscenane! Men tenkjer eg i større perspektiv, er dette den beste antikrigsskildringa eg har lese sia Väinö Linna: Ukjent soldat, som eg las i tiårsalderen – og som kanskje låg ein plass under medvitet den gongen eg fann på å starte eit litteraturprosjekt for førstegongsrekruttar i samarbeid med det norske Forsvaret i si tid!
Kong Tsongors død, fekk dei franske vidaregåande-elevanes Goncourtpris for beste roman2003. Eg – og forlaget – hadde store forventningar om mange lesarar av alle slag. Men boka kom aldri gjennom marknadssensuren og medielydmuren, og nådde dermed ikkje lesarane. Og det er som kjent berre tull å tru at kvalitet før eller seinare når fram.
Kongen skal gifte bort dotter si og leve eit fredeleg liv, etter å ha vore ute og slåst i tiår på tiår og lagt under seg eit imperium. Men ein annan beilar, barndomskjærasten hennar, dukkar opp til bryllupet, og så er draumen om pensjonistlivet over. Eg har valt ein del frå opningskapitlet, og så ein del lenger uti – og seier ikkje meir! Les mer