Forfattaren og omsetjaren Arne Garborg braut med alt han hadde vekse opp med og blei åndsarbeidar, fritenkjar, demokrat, feminist og nære på bymann.

Litteraturhistorikarane har karakterisert Garborg som uvanleg allsidig: Han kombinerer ei einståande kunstnarleg fornyingskraft med ein sjeldan intellektuell kapasitet. Men som omsetjar er han ikkje godt kjend. Sjølv ikkje eit storverk som Odyssekvædet, gjendiktinga hans av Odysseen, har blitt omfatta med særleg interesse i Garborg-litteraturen.

Les meir om Garborg i Haarberg sin artikkel i leksikonet.