Som lyrikar blei Magli Elster ein av dei mest folkekjære i samtida, og som litteraturkritikar var ho ei tydeleg pedagogisk og kulturkritisk røyst. Men som omsetjar var Elster mindre kjent, sjølv om ho omsette eit femtitals bøker – og ofte veksla ho mellom det politiske og det populære.

Det vidfemnande omsetjarskapet hennar stadfestar at ho interesserte seg for og handterte det høglitterære, det modernistiske i tråd med tidas ånd og det folkelege. I tillegg understrekar heile virket til Magli Elster eit imponerande vekselbruk, i kraft av å vere lyrikar, omsetjar og ein høgst engasjert samfunnsborgar.

Les meir om Elster i Vikingstad sin artikkel i leksikonet.