Norsk litteraturfestival på Lillehammer er Nordens største litteraturfestival, med eit variert program for lesarar i alle aldrar. I år blir festivalen arrangert frå 27. mai til 2. juni.

Norsk Oversetterforening sitt program Oversettertimen blir i tradisjonen tro arrangert kvar dag kl. 12.00 i Søndre Park. Under festivalen skal ein også overrekke Det skjønnlitterære oversetterfonds pris, som blir tildelt ein omsetjar for eit samla virke. Utdelinga føregår under Litterær festaften torsdag kveld, og på fredag blir mottakaren intervjua i parken.

Program for Oversettertimen:

Onsdag 29. mai
Oversettertimen: Å pløye nye marker
Yan Lianke på norsk: Eilif Norheim har omsett Dagen da solen døde av den kinesiske forfattaren Yan Lianke til norsk. I den første halvtimen av Oversettertimen får vi høyre Eilif fortelje om utfordringane med å omsetje framande konsept, doble tydingar og annan språkleg leik, og ikkje minst om erfaringa med å debutere som skjønnlitterær omsetjar.

Frå alvisk til samisk: Are Tjihkkom omset verdslitteraturen til samisk og gir han ut i eigen regi. Han kjem til Lillehammer for å opne døra til Tolkiens fantasiunivers og fortelje om ein hobbits reise i ny språkdrakt gjennom dialekter og bokspråk i ei av dei få omsetjingane av eit storverk frå verdslitteraturen til lulesamisk.

Eilif Norheim (f. 1990) er sinolog og småbrukar. Han har utdanning frå Westerdals, UiO og Beida. Dagen da solen døde er den første omsetjinga hans.

Are Tjihkkom (f. 2002) er student og omsetjar. Han studerer lingvistikk ved Universitetet i Oslo, driv sitt eige forlag med samiske omsetjingar og har alt fleire omsetjingar bak seg, blant anna av Alice in Wonderland av Charles Lutwidge Dodgson og The Hobbit av J.R.R. Tolkien.

 

Torsdag 30 mai
Oversettertimen: Fosse i omsetjing
Omsetjarane Eva Dobos (ungarsk), Astri Ghosh (hindi), Sherin A. Wahab (arabisk) og Margherita Podestà Heir (italiensk) fortel om arbeidet med å omsetje Jon Fosse. Panelet diskuterer utfordringane ved å omsetje Fosse: ordknappleik, gjentakingar, naturuttrykk og særnorske uttrykk. Kva går tapt og kva blir funne? Korleis blir romanane til Fosse tekne imot i utlandet? Kva slår godt an?

Astri Ghosh (f. 1959) er omsetjar, forfattar og skodespelar. Ho har omsett tre skodespel av Jon Fosse til hindi. I prosjektet «Ibsen in Translation», initiert av Ibsensenteret, arbeidde ho i lag med ni andre omsetjarar som omsette Ibsens skodespel til arabisk, engelsk, spansk, persisk, mandarin, japansk og russisk. Astri har omsett 31 bøker til hindi, engelsk og norsk.

Éva Dobos (f. 1955) er skjønnlitterær omsetjar, og omset norsk samtidslitteratur til ungarsk. Ho har omsett ei rekkje noveller, barnebøker, essay og romanar av Stig Sæterbakken, Carl Frode Tiller, Karl Ove Knausgård og Jon Fosse m.fl. Ho har også omsett eit fåtal bøker til norsk, m a. klassikaren Reise i måneskinn av Antal Szerb. For omsetjingane av Jon Fosses prosa fekk ho Baumgarten-prisen i Ungarn i 2024.

Margherita Podestà Heir (f. 1964) har studert skandinavisk språk og litteratur ved Universitetet i Milano og UiO. Ho har omsett over 70 bøker, av forfattarar som Jon Fosse, Karl Ove Knausgård, Vigdis Hjorth, Matias Faldbakken, Tore Renberg, Zeshan Shakar, Henrik Ibsen og Sigrid Undset. Ho blei utnemd til riddar (2007) og offiser (2022) av Den italienske republikk for innsatsen som formidlar av språk og kultur.

Sherin A. Wahab (f. 1968) har omsett norsk litteratur til arabisk i 17 år. Ho har omsett ei rekkje norske forfattarar, som Henrik Ibsen, Knut Hamsun, Vigdis Hjort og Jon Fosse. For tida arbeider ho med Septologien. Sherin var initiativtakar til at Noreg skulle bli gjesteland på bokmessa i Kairo 2024, og har jobba med prosjektet som kulturkonsulent og koordinator i Egypt.

 

Fredag 31. mai
Oversettertimen: Det skjønnlitterære oversetterfonds pris
Elisabeth Beanca Halvorsen intervjuar mottakaren av Det skjønnlitterære oversetterfonds pris 2024. Prisen blir overrekt under Litterær festaften torsdag kveld.

Arrangør: Det skjønnlitterære oversetterfond

 

Laurdag 1. juni
Oversettertimen: Forfattar møter omsetjar: Enriquez og Solum
I forfattarskapen sin blandar Enriquez overnaturleg skrekk med verkelegheitsnære hendingar. Slik utforskar ho tema som Argentinas historie, dagens politiske landskap, ungdomskultur, venskap og familierelasjonar på originalt vis. Samtalen mellom forfattar og omsetjar vil blant anna dreie seg om korleis latinamerikanske myter og overtru møter gotiske trekk frå den engelskspråklege litteraturtradisjonen i bøkene hennar, og om bruken av ungdomsspråk og ulike variantar av argentinsk (og andre typar) spansk. Korleis er det å omsetje frå eit språk som er offisielt språk i over 20 land? Og korleis opplevast det å lese bøkene sine i omsetjing?

Mariana Enriquez (f. 1973 i Buenos Aires) blir rekna som ein av Argentinas aller beste og mest originale samtidsforfattarar. Ho er utdanna journalist og debuterte skjønnlitterært i 1994. Novellesamlinga Farene ved å røyke på senga – på norsk i 2024 – ble kortlista til den internasjonale Bookerprisen i 2021. Enriquez’ bøker er utgitt på meir enn 30 språk.

Kristina Solum (f. 1980) er førsteamanuensis ved Institutt for internasjonale studier og tolkeutdanning, OsloMet – Storbyuniversitetet. Ho har doktorgrad frå Universitetet i Oslo med ei avhandling om kvalitetssikring av litterære omsetjingar. Ho er tolk og omsetjar frå spansk, og har blant anna omsett Javier Marías, Roberto Bolaño og Mariana Enriquez.

 

Sundag 2. juni
Oversettertimen: På krunglete vegar
På randa av det verkelege:
Bruno Schulz (1892–1942) blir rekna som ein av dei fremste polske forfattarane i det tjuande århundret, og det polske språkets geni. Han skreiv i et landskap mellom røynd og draum, der det undrande blikket til barnet og det rike biletspråket til den vaksne forfattaren synest gjensidig forbundne. Omsetjar Julia Wiedlocha fortel om novellesamlinga Kanelbutikkane og andre forteljingar, og om korleis vegen frå original til omsetjing er brulagd med flimrande kompromiss.

Vaskekjerring utan handbok:
Det ligg eit paradoks i at ein manusvaskar sit med mykje ansvar og potensielt kan ha stor påverknad på ein tekst, samstundes som det ikkje finst korkje kursing eller utdanning i det å språkvaske. Forfattar, omsetjar og manusvaskar Maren Barlien Guntvedt vil snakke om islandske omsetjarnøtter og om korleis ein vaskar må kunne løfte ein tekst – utan manual, og utan å bli uvener med omsetjaren undervegs (og utan å få namnet sitt på boka).

Julia Wiedlocha (f. 1989) er litteraturvitar og omsetjar av polsk skjønnlitteratur. Ho har mellom anna omsett forfattarar som Olga Tokarczuk, Stanisław Lem og Zofia Nałkowska. Kanelbutikkane og andre forteljingar av Bruno Schulz blei nominert til Kritikarprisen for beste omsetjing i 2023.

Maren Barlien Guntvedt (f. 1991) er nordtrønder nyleg busett i Oslo. Ho har gått på forfattarstudiet i Bø og arbeider som omsetjar og organist, dei siste to åra i Reykjavík. Einbreid bru er den første romanen hennar. For den var ho nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris 2023.

Fullstendig program finn du her.